Internt utlån av arkivsaker (Papirarkiv)

Papirarkivet til administrasjonen er fullstendig fram til 09.03.2015. (For tidlegare Granvin herad fram til 2019).

Utlån av dokument frå papirarkivet skal alltid skje gjennom arkivtenesta etter følgjande prosedyre:

1. Utlån av saksmapper skal kun skje internt i kommunen

2. Utlån skal registrerast i journalsystemet eller på utlånskort som blir plassert på den utlånte mappa sin plass i arkivet.

3.  Arkivtenesta skal sikre at lånar har tilgang til saksdokumenta i tilfelle desse er graderte

4. Når utlånt materiale blir returnert, skal arkivtenesta avskrive utlånet.

5. Utlånt materiale skal normalt leverast tilbake innan 4 veker. Når saksbehandlinga krev at utlånstida blir forlenga må arkivet få melding om dette.

6. Utlånt materiale er lånaren sitt ansvar til utlånet er avskrive. Lånaren skal sjå til at ingen dokument blir fjerna eller lagt til i ei mappe, og at orden i mappa ikkje blir øydelagd.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.