Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sine oppgåver: Aurland kommune er med i kommunearkivordninga i Fylkesarkivet og får difor utført tenester av kommunearkivordninga. Desse tenestene er: 1. Hjelp med den faglege og teknologiske utviklinga som skjer innanfor område, informasjonshandsaming og arkivarbeid. 2. Råd og rettleiing i spørsmål som knyter seg til arkiv og elektronisk arkiv. 3. Utarbeiding og iverksetjing av kommunale arkivplanar. 4. Deltaking i arbeidet med omlegging frå gamal til ny arkivnøkkel. 5. Ivareta personregister og arkiv med personopplysningar. 6. Arbeid med eldre kommunalt arkivmateriale. 7. Arbeid med å spore opp, ordne og registrere ikkje offentleg arkivtilfang i kommunen. 8. Deltaking i planlegging, oppbygging og drift av lokalhistorisk arkiv i kommunen. 9. Hjelp og rådgjeving i spørsmål som gjeld lokalhistorie. 10. Samarbeid i utarbeiding av årsplanar for arkivtenestene. |