Arkivorganisering

Arkivskaparar og journaleiningar

Aurland kommune er eitt arkivorgan. Kommunen er organisert med flat struktur og tonivåmodell. Rådmann har det overordna ansvaret for arkivarbeidet og arkivleiar har det faglege ansvaret for arkivarbeidet i kommunen.

Kommunen har eit sentralisert postmottak med felles postjournal. 
Alle einingane nyttar kommunen sitt felles sak-/arkivsystem som er organisert under sentralarkivet.

Arkivdelar som er knytt til sentralarkivet er: SA - saksarkivet, PERS - personalarkivet, GBNR - eigedomsarkivet, LAN - landbruksarkivet og AVTA - avtalearkivet,
møtebøker for administrative og politiske utval, elektronisk journal.

Elevarkiv og klientarkiv er plassert på dei ulike einingane som har dagleg ansvar for desse. Det er: skule, barnehage, pleie og omsorg, Aurland og Lærdal barnevern, helse og førebygging (helsesøster, lege, fysioterapeut, ergoterapeut og psykiatrisk sjukepleiar) og nav-kommunal del.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane er depotansvarleg for arkivmaterialet t.o.m. 1964, og arkivleiar ansvarleg for arkivmaterialet frå 1965.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.