Saksframlegg administrative vedtak

Generelt
Gjennom delegasjonsreglementet har rådmannen fullmakt til å gjere vedtak i ein del saker av kurant karakter og av ikkje prinsippiell art, og etter særlov. Gjennom vidare delegering er avgjerdsmynda overført til andre leiarar. Delegerte vedtak skal saksutgreiast på same måte som vedtak som skal godkjennast politisk. Eigen saksmal skal nyttast, Administrative vedtak.

Melding om vedtak
Den enkelte som gjer vedtaket skal sjølv sende ut meldinga om vedtak til den det gjeld. 

Melding til politiske organ
Avgjerder fatta ved bruk av administrative vedtak skal rapporterast til vedkomande politisk organ på deira første møte, jf rutine for utvalsbehandling (06/224-7). Administrative vedtak vert gjeve eige saksnummer, med overskrifta "administrative vedtak". Det vert generert ei samle sak, "Delegasjonssaker",og alle administrative vedtak vert lagt ved. Når det gjeld retten til å gjera om eit vedtak vert det synt til forvaltningslova § 35.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.