Uttale plansaker og dispensasjonar - landbruk

Felles Landbrukskontor ÅLA gjev uttale til ulike  planar som kjem på høyring. T.d. reguleringsplanar eller temaplanar, eller plan for ulike prosjekt.
Landbruk skal og gje uttale når det vert søkt om dispensasjon frå gjeldande plan. 

Merknadane skal gjelde landbruksinteresser og utmarksforvaltning som vert påverka/ikkje på verka av tiltaket planen eller dispensasjonen omhandlar. 

Interne uttalar skal skrivast som notat i aktuell arkivsak i Acos. Arkivdel SA - sakarkivet.

(I ein intern uttale kjem dei ulike avdelingane i Lærdal kommune med kvar sin uttale som vert samanfatta i kommunen si saksframstilling til politisk/administrativ handsaming.) 

Vanlegvis er det plan/byggsak som er saksansvarleg og gjer vedtak eller førebur vedtak for politisk handsaming. Dette må avklarast i saker der det er tvil. 

Nokre vedtak eller uttalar vert administrativt handsama, andre må politisk handsamast. Sjå delegasjonsreglementet til kommunen for avklaring frå sak til sak.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.