Nydyrking - søknad

Viktig med ei arkivsak i ACOS, arkivdel LAN-landbruksarkivet, med GBNR som primærkode, pr søknad og at etternamn på søkjar vert skrive på starten av lina for sakstittel.
Det må komma tydeleg fram kva som vert søkt på eller om.
Viktig at arkivkode med gnr/bnr vert brukt i dei sakene det er aktuelt for. 

Søknaden skal innehalde vedlegg som:
- Kart med skravert tiltaksområde
- Vedlegg som syner kultur- og naturregistreringar i omsøkt tiltaksområde. 

Sakshandsamar må sjå gjennom om søknaden treng tilleggsopplysingar frå søkjar.
Sakshandsamar må dra inn andre avdelingar om naudsynte vurderingar krevs frå td. Bygg- og plan, vurdering etter PBL. Drøfta saka i Internt planforum.

 

Sakshandsamar skal når alle naudsynte opplysingar ligg føre, skrive høyringsbrev til Regionale mynder og andre aktuelle høyringsinstansar.

Dei vanlegaste høyringsinstansane er:

- Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
- Sogn og Fjordane fylkeskommune
- NVE om tiltaket råkar vatn
- SV om tiltaket råkar veg/vert knytt til
- Villreinnemnda i tilhøyrande fjellområde om tiltaket råka villreinområde

 

Frist for høyringsrunden er 4 veker.

- Om det kjem inn merknadar av betydning, skal det lagast sakspapir for politisk handsaming i Plan og utvikling.
- Om det kjem merknadar utan betydning eller ingen merknadar, kan søknaden handsamast administrativt.
 

Melding om vedtak skal sendast til søkjar som mottakar og høyringsinstansane som kopimottakarar.
 

Eit positivt vedtak om nydyrkingsløyve varar i 3 år frå løyvedato. Om søkjar ikkje byrjar og/eller vert ferdig innan fristen, kan søkjar søkja om utsett frist.
- Når tiltaket er ferdig, skal søkjar melda ifrå skriftleg og tilsette frå landbrukskontoret skal ut å godkjenne og måle opp tiltaket.
- I dei kommunane søkjar kan søkje om stønad til nydyrking skal tilsette frå landbrukskontoret godkjenne og måle opp arealet etter at krav om utbetaling ligg føre frå søkjar.

Det kan søkjast om tilskot til nydyrking frå Konsesjonsavgiftsfondet i Aurland. Sjå eigne rutinar for dette.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.