Motorferdsel i utmark

Generelt om motorferdsel i ÅLA: 

  • Søknad om motorferdsel i utmark §5 i forskrifta og §6 i lova skal administrativt handsamast. Handsaming etter § 6  i forskrifta skal politisk handsamast.
  • Administrative vedtak skal meldast opp til møte i Plan og utvikling
  • Søknad om motorferdsel i utmark skal arkiverast med ei arkivsak i Acos pr år.
  • Ei arkivsak for snøscooter/barmark og ei arkivsak for helikopter.
  • Rapport etter utført løyvd tur skal rappoterast til den kommune det er gjeve løyve i.
  • Søknaden skal innehalde: Rett utfylt søknadskjema, Kart og utgreiing om føremålet/særskilde grunn til søknaden.
  • Titteltekst for arkivering: Ola Norman – søknad om motorferdsel i utmark – snøscooter eller helikopter

 

Aurland har vedteke "Forskrift for Aurland kommune til lov om motorferdsle i utmark og på vassdrag fastsett av Aurland kommunestyre 16.09.2004, sist endra 18.02.2010"

-ved søknad om landing i utmark med helikopter, blir det handsama etter § 6 i Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag.  I denne type løyve bør det vera følgjande

vilkår:

-Kva tidsperiode løyvet gjeld
-Antal landingar løyvet gjeld
-Rapport skal leverast etter utført tiltak
-Varsling til SNO før flyginga tek til
-pålegg om å utsetje flyginga eller gje pålegg om ei spesiell rute av omsyn til naturen og dyrelivet i området

 

Søknaden skal handsamast administrativt delegert til landbruksavdelinga

Vedtaket skal sendast søkjar, med kopi til:
- Politi i gjeldande kommune
- Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
- SNO Aurland
- Fjellstyre i gjeldande kommune
- Villreinnemnd i gjeldande område/kommune

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.