Kvalitetssikring av journalen - Utgått 03.02.2014

Arkivtenesta skal dagleg gå gjennom lista med journalpostar med status M, F og S, og saker med status R.

Journalpostar med status M
Arkivtenesta skal sjå til at alle saksdokument er journalførte og knytte til rett sak i sak-/arkivsystemet, og at dei same dokumenta finst i det fysiske arkivet. Kvar dag etter at alle saksdokument er skanna, skal arkivtenesta kontrollera at alle saksdokumenta er skanna. Dette skal gjerast ved å søkja fram alle inngåande dokument med status M.

Journalpostar med status S
Arkivtenesta skal dagleg gå gjennom lista over journalpostar med status S. Ein skal kontrollera journalposttittel, gradering og avsendar/mottakar. Journalposten skal deretter skrivast ut og setjast til J.

Journalpostar med status F
Arkivtenesta skal dagleg kontrollera brevkopiane mot journalposten i WebSak. Følgjande punkt skal kontrollerast før journalpoststatusen skal setjast til J.

  • at journalposten er knytt til rett sak
  • at tittelen på journalposten er dekkande og utan skrivefeil
  • at eventuelle vedlegg er lagt til journalposten
  • at offentlegvurdering er gjennomført, og naudsynt skjerming av avsendar/mottakar, arkivkodar, saksnummer, tittel og saksinnhald er gjort
  • at evt. avskriving er korrekt

Journalposten skal deretter setjast til J og brevkopien skal setjast i eigne permar.

Er det journalpostar med status F som manglar brevkopi, skal ein gje beskjed til sakshandsamar.

Saker med status R
Arkivtenesta skal dagleg gå gjennom saker med status R. Sakene skal setjast til status B, og det skal opprettast fysisk mappe (gjeld ikkje arkivdel PA) når følgjande er kontrollert:

  • sakstittel
  • arkivdel og klassering
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.