Bakgrunn Lindås kommune har fått prosjektmidlar frå Fylkesmannen i Hordaland til å greie ut felles barnevernskontor med kommunane Meland og Radøy. I samband med planlegging om bruk av midlane vart utgreiing av felles barnevernskontor sett i samanheng med kommunesamanslåinga og er ein del av program for bygginga av Alver kommune. Arbeidet er prosjektorganisert og prosjektleiar er tilsett som barnevernleiar for felles barnevern og seinare barneverntenesta i Alver kommune. Samarbeidet vert organisert som administrativt vertskommunesamarbeid etter kommunelova §28-1 b, med Radøy kommune som vertskommune. Det er planlagt at dagens tre barnevernstenester vert samlokalisert frå 01.12.2018 i Geco-bygget i Knarvik. Oppstart av vertskommunesamarbeidet vert 01.01.2019 og frå 01.01.2020 vert dette barnevernstenesta i Alver kommune.
Samarbeidsavtalen som ligg føre regulerer forholda mellom samarbeidskommunane i året der Radøy kommune er vertskommune.
|