Internt utlån av arkivsaker

Utlån av saksdokument skal alltid skje gjennom arkivtenesta etter følgjande prosedyre:

  • Berre arkivpersonale har tilgang til arkivet.
  • Utlån av saksmapper skal kun skje internt i kommunen
  • Utlån skal registrerast i postjournalen/journalsystemet. Ved utlån av saker som ikkje er i den elektroniske journalen, skal det fyllast ut utlånskort som skal plasserast i hylla/boksen der saka er arkivert.
  • Arkivtenesta skal sikre at lånar har tilgang til saksdokumenta i tilfelle desse er graderte
  • Når utlånt materiale blir returnert, skal arkivtenesta avskrive utlånet.
  • Utlånt materiale er lånaren sitt ansvar til utlånet er avskrive. Lånaren skal sjå til at ingen dokument blir fjerna eller lagt til i ei mappe, og at orden i mappa ikkje blir øydelagd.
  • Utlånte mapper skal ikkje takast med utanfor Rådhuset.
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.