Politisk organisering

politisk-organisering

Kommunestyret er kommunen sitt øvste organ med overordna ansvar for heile kommunen si verksemd. Kommunestyret gjer vedtak på kommunen sine vegne så langt ikkje noko anna følgjer av lov eller vedtak om delegering av mynde til formannskap, hovudutval, anna politisk organ eller rådmannen. Kommunestyret vert leia av ordføraren, med varaordføraren som stadfortredar. Kommunestyret i Radøy kommune har 25 representantar.

Sju av representantane i kommunestyret sit i tillegg i formannskapet. Formannskapet fører mellom anna tilsyn med kommuneforvaltninga og førebur saker for kommunestyret. Formannskapet avgjer også ei rekkje saker på eiga hand. I Radøy kommune fungerer formannskapet i tillegg som kulturstyre og valstyre.

Radøy kommune har i tillegg eitt hovudutval for saker relatert til plan, landbruk og teknisk (PLT). Hovudutval for plan, landbruk og teknisk handsama og gjera vedtak eller gi innstilling til kommunestyret i saker som gjeld mellom anna vatn, avløp, renovasjon, byggesaker, landbruk og miljøvern.

Radøy kommune har i tillegg ei rekkje andre råd og utval som gjev råd og fattar vedtak innanfor dei områda dei har fått delegert mynde.

 

Rådgjevande organ:
Eldrerådet
To representantar vert valde frå kommunestyret. I tillegg vert det vald fire alderspensjonistar.
Barne- og ungdomsrådet
Har 13 medlemer. Det skal vera éin representant frå kvar ungdomsskuleklasse, og fem representantar frå alersgruppa 16-19 år.
Råd for menneske med nedsett funksjonsevne
Har ni medlemer: tre frå kommunestyret, tre frå administrasjonen og tre frå dei funksjonshemma sine organisasjonar.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.