Gradering av dokument og arkivsakerOppgåveAustevoll følgjer offentlegheitslova sin intensjon som er at alle dokument i utgangspunktet skal vera offentlege viss dei ikkje skal unntakast etter lov. Ansvar og tidspunkt: Sakshandsamar : Dagleg Heile saker skal berre unntakast frå offentlegheit om eit eller fleire av dokumenta er unnateke frå offentlegheit og dei resterande dokumenta gir ei feil framstilling av saka. Gradering er leiar sitt ansvar, men sakshandsamar skal vurdera dette i eigne saker og ev. sette på gradering. Alle som er registrerte som brukar i WebSak vil automatisk kunne lesa all offentleg informasjon. Opplysningar som er unnateke frå offentlegheita vil berre vere tilgjengeleg for dei som har utvida rettar i systemet. I Austevoll kommune skal ein nytta følgjande tilgangskoder (graderingskoder)
U - Unnateke frå offentlegheita
P - Unnateke frå offentlegheita (for personalsaker)
PP - Unnateke frå offentlegheita (for leiar/medarbeidar - personalsaker) E - Unnateke frå offentlegheita (for elevsaker) Framgangsmåte:
- Vurder om heile arkivsaka skal graderast eller om det berre er journalopplysningar som skal skjermast
- Legg inn rett graderingskode i tilgangskode
Legg inn avskjerming
Kode 1 - Berre dokumentet er skjerma
Kode 2 - Dokument og linje 2 i tittel er avskjerma Kode 3 - Dokument, linje 2 i tittel og klassering avskjerma
Legg inn kva § i off.lova som ligg til grunn for graderinga Trykk ok
- Leiar har ansvar for å følgje opp om det er rett vurdert og eventuelt oppheve graderinga
|