Saksbehandlarrutine ePhorte

All utgåande korrespondanse vert å skrive i sak-/arkivsystemet ePhorte.

Om ikkje sak er oppretta, har saksbehandlar tilgang til oppretting av ny sak. Dokument knytt til same sak vert å skrive i den same sak/mappa som er oppretta i ePhorte. Ein sak kan innehalde mange dokument.

Ved opplæring i systemet vert saksbehandlar vist korleis en opprettar utgåande brev, notat, saksframlegg og e-post. Rutinar for dette ligg og på intranett sida til kommunen.

Saksbehandlar ferdigstiller dokumentet, slik at dokumentet får status F. Saksbehandlar vert oppfordra til å ekspedere utgåande brev via SvarUT.

Ønskjer saksbehandlar å sende dokument ut per post, må dokument med vedlegg skrivast ut og leggast i konvolutt. Post til frankering vert henta kvar dag kl. 14 i dei ulike etasjane på rådhuset. Denne posten vert så frankert og henta av Posten.

Ekspedering per e-post frå ePhorte gjeld kun for offentleg post.

 

E-post saksbehandlar sender / mottar frå si private jobb e-postadresse, skal føres i sak/arkivsystemet om det arkivverdig sakspost. Alternativt kan saksbehandlar vidaresende e-post til dokumentsenteret for journalføring.

All e-post vert å behandla som anna innkomen / utsendt post/brev.

 

Saksbehandlar er ansvarleg for avskriving av restansar på inngåande dokument. Avskriving skjer anten ved svarbrev til avsendar, eller ved å nytte avskriv journalpost etter å ha lest motteke brev.

 

Saksbehandlar er ansvarleg for ferdigstilling av dokument dei opprett. Når dokumentet vert jobba med er status R for reservert. Det er då kun saksbehandlar og den vedk. har gitt tilgang til, som kan lese/jobbe med dokumentet. Når brevet er ferdig og klar for utsending, skal saksbehandlar ferdigstille dokumentet, slik at status vert F for ferdig. Vel saksbehandlar og ekspedere dokumentet elektronisk via SvarUT, vert status E når dokumentet er sendt.

 

Alle nye saksbehandlarar skal ha opplæring i ePhorte av dokumentsenteret før dei får produserer dokument / tilgang til systemet.

 

Dokumentsenteret kvalitetssikrar og journalførar alle dokument.

Alt som vert journalført i ePhorte kjem på postlista til kommunen, som er offentleg for alle. Så vurder alltid om dokumentet ditt er offentleg eller ikkje!

Påfør rett tilgangskode om dokumentet skal unnatakas offentlegheita.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.