Saksavslutning

Når ei sak er ferdig handsama, skal saksdokumenta/saksmappa sendast til arkivet for arkivlegging.

  • Saksbehandlar skal gjennomgå saksmappa og kontrollere at alle restansar er avskrivne og at arkivverdige dokument er lagt i saksmappa. Saksmappa skal deretter merkast med Avslutta og signatur. Saksbehandlar er ansvarleg for at saksmappa som går til arkivet for avslutting er reinska.
  • Saksbehandlar skal endre saksstatus frå B til F. Dette markerer at saka er avslutta i systemet
  • Dokumentsenteret registrerer i ePhorte at saka er avslutta, status A. Berre arkivpersonale skal ha tilgang til desse funksjonane i systemet.
  • Før arkivlegging skal den fysiske arkivmappa reinskast, og konsept, kladdar, dublettar, arbeidsnotat o.l. skal fjernast frå mappa. Arkivet kontrollerer at alle saksdokument er på plass før saka blir arkivlagt.
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.