Dokumentsenteret har ansvar for å;
- motta, opne, sortere, stemple, journalføre og skanne all inngåande post
- oppretta nye arkivsaker i samband med journalføring
- kvalitetssikre at saksbehandlar si registrering er korrekt
- kontrollere restanselister 2 gonger i året, og sende påminning til saksbehandlar
- kvalitetssikre arkiv og journaldatabasen gjennom kontroll av alle registreringer, samt fysisk arkiv
- låne ut dokument/mappe frå arkiv/depot
- journalføre eigenproduserte dokument
Saksbehandlar har ansvar for å;
- levere personleg adressert post, anten det er papirdokument, telefaks, eller e-post til sentralarkiv for journalføring
- ha oversikt over kva saker som er til handsaming ved hjelp av saksbehandlingssystem/fagsystem
- kontrollere at riktig offentlegheitsvurdering er gjort
- sjå til at all dokumentproduksjon skjer i eit fagsystem (ePhorte, Acos Barnevern, CosDoc, PPT, infodoc, socio o.l.)
- avskrive inngåande og interne dokument som er handsama
- levere fysiske kopiar til arkivet av alle eigenproduserte dokument
- leggje utgåande brev i konvolutt og levere til frankering
- avslutte arkivsaker etter kvart som dei er ferdig handsama
Leiar har ansvar for å;
- gjennomgå og fordele post til rett saksbehandlar
- gjennomføre offentlegheitsvurdering
- sjå til at restanselister vert følgd opp
- bidra til at krava til dokumentasjon av handsaming vert ivareteken
|
|