Arkivtenesta skal dagleg leggje ut offentleg journal. Denne skal vere utforma slik at den gjev oversyn over alle inn- og utgåande brev, samstundes som opplysningar unntatt offentlegheit er fjerna. Innkomande og utgåande postjournal vert neste dag publisert på heimesida til kommunen tilknytt dei utgåande offentlege dokumenta. Administrasjonssjefen eller den som har fått fullmakt til det, avgjer kva saksdokument som skal bli unntatt frå offentleg innsyn. Unntaka blir registrerte i sak-/arkivsystemet med lovheimel. |