Avskriving av dokument

Sakshandsamar skal sjølv avskriva inngåande dokument og N-notat etter utført sakshandsaming.
Avskriving betyr å registrera i WebSak når og korleis eit inngåande dokument er handsama.

Brev og notat som vert svart med utgåande brev eller notat

Framgangsmåte:

 

 

Saksbehandlarprosedyre

Ansvar

1.  

Hent frem journalpost frå korga "Innboks" eller "Restanse"  i WebSak.

SB

2.

Vel riktig svarmåte frå knappen Meny på den valte journalposten. Du kan velje mellom følgjande måtar å svare på:

 

For inngåande brev (dokumenttype I):

  • Besvar og avskriv restanse (fjernar den inngåande journalposten frå restanselista og vert brukt ved utsending av svar)
  • Førebels svar (den inngåande journalposten vil framleis liggje i restanselista, men det vert påført informasjon på journalposten om at førebels svar har blitt sendt)
  • Besvar utan å avskrive (den inngåande journalposten vil framleis liggje i restanselista)

For inngåande notat (dokumenttype N):

  • Besvar notat (fjernar den inngåande journalposten frå restanselista dersom journalposten du svarar på er av type N.)

SB

3.

Påfør nødvendige journalpostopplysningar. Eventuell intern kopi, tilgangskode (gradering) og tilgangsgruppe. Produser dokument ved å velje "tekstmal".

SB

4.

Produser eventuelle vedlegg til journalposten.

 

5.

Ved  trong for godkjenning frå leiar før eit dokument vert sendt, må saksbehandlar vente med å ferdigstille dokumentet til leiar har lest og evt. kommentert   (journalstatus må være R).

SB

6.

Til godkjenning

Klikk på flagget i journalposten.

Saksbehandlar vel ”lag ny”, vel ”Send til godkjenning”, til ”leiars initialar” trykk "send".

 

Leiar responderer med ”godkjent/Ikkje godkjent” inntil dokumentet er godkjent.

SB/LED

7.

Når dokumentet er endeleg godkjent frå evt. leiar, endrar leiar/saksbehandlar journalstatus til F (for ferdig).

LED/SB

8.

Utgåande dokument skrives ut, vert signert  og sendt.

SB

9.

Arkivtenesta endrar status frå F til J (journalført) slik at dei kjem på offentleg journal (postliste).

ARK

10.

Dersom det ikkje vert forventa fleire dokument i saka, påfører saksbehandlar merknad av type ØA (ønskes avslutta) på arkivsaka.

SB

11.

Skal du sende det utgåande dokument på e-post, bør det først lagast eit dokument i pdf format som skal sendast. Dette gjer du ved å gå inn på Dok (boksen vedsida av hovuddokumentet), høgreklikk på wordfila og velg konvertert til godkjent arkivformat.

SB

 

Det er svært viktig at sakshandsamar er nøye med oppfølging av avskrivingsrutinane for at arkivtenesta skal kunna avslutta saker og for at sakshandsamaren si eiga restanseliste skal vera korrekt.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.