Arkivleiar sitt ansvar

Arkivleiar er leiar for arkivtenesta og skal gje rettleiing og føre tilsyn med arkivdanning og arkivoppbevaring i kommunen.

Oppgåver:

  1. Å rapportere til rådmannen om verksemda til arkivtenesta og leggje fram framlegg om tiltak som skal heve kvaliteten på arkivarbeidet
  2. Å uttale seg om dei arkivmessige konsekvensane av planlagde omorganiseringar i kommunen.
  3. Å utarbeide verksemdsplanar for arkivtenesta
  4. Å føre tilsyn med at arkivarbeidet skjer i samsvar med reglane i arkivplanen
  5. Å føre kontroll med at dei aktive arkiva i kommunen er forsvarleg oppbevart og sikra
  6. Å ta initiativ til oppdatering/endringar i arkivplanen
  7. Å bli tatt med på råd når kommunen skal velje edb-baserte sak-/arkivsystem og fagsystem og ved innkjøp av arkivmateriell, papir og skrivereiskap.
  8. Å vere Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS sin kontaktperson

Arkivleiar skal elles leggje vekt på desse oppgåvene:

  1. Å halde seg oppdatert om den faglege og teknologiske utviklinga på arkivsektoren, og om endringar i lov og regelverk for offentlege arkiv
  2. Å gje fagleg rettleiing til arkivpersonalet og sørgje for at arkivmedarbeidarane får tilbod om å utvikle sin faglege kompetanse
  3. Å gje nytilsette naudsynt opplæring
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.