Rådmannen har i følgje kommunelova §13-1, og forskrift om offentlege arkiv §1 2.ledd det overordna ansvaret for kommunen sine arkiv og for at organiseringa og oppfølginga av arkivarbeidet er i samsvar med lover og forskrifter om offentleg saksbehandling.
Rådmannen har delegert det operative leiaransvaret for arkivtenesta i kommunen til arkivleiar som har fullmakt til å føre tilsyn med arkivarbeidet i kommunen og er fagleg overordna arkivpersonalet. Leiarar for dei ulike administrative einingane i kommunen som fungerar som eigne arkivskaparar har fått delegert det løpande ansvaret for arkivarbeidet i sine einingar. Ved oppretting av Interkommunale selskap og kommunale foretak skal rådmann sørgje for at dokumentasjon vert løyst på ein god måte. Dokumentasjonskrava skal tydleggjerast i avtalen mellom kommunen og selskapet. I avtalen skal det gå fram kvar arkivet skal deponerast. |