Restanseliste Forskriftene til arkivlova krev at det skal skrivast ut restanselister(forskr. § 3-7). Hensikten med dette er å få eit totaloversyn over dei dokumenta som ikkje er ferdig handsama i kommunen. Arkivtenesta sjekker restans kvar månad og skriv ut restanseliste 2 gongar i året. Dersom nokon sluttar skal det skrivast ut ei restanseliste for vedkommande person. Det er leiar sitt ansvar å melde frå når nokon sluttar. Dersom ein annan sakshandsamar skal overta dei ikkje-avslutta sakene/dokumenta skal arkivtenesta ha melding om dette. Alle skal utøve restansekontroll ved dagleg å utføre søket "eigne restansar" Dokument som står i R - reservert ( eigne konsept ) Arkivtenesta skal kvartalsvis utføre søk på journalpostar med status R og M for å sikre at sakshandsamar utfører sin del av prosesstyringa. Arkivtenesta skal gje tilbakemelding til sakshandsamar dersom vedkomande har mange uaktuelle reserverte dokument. |