OPPBEVARING, AVHENDING OG TILINKJESGJERING AV VALMATERIELL (Utdrag frå valhandboka 2011) Innleiing Vallova § 15-2 gjeld oppbevaring, avhending og tilinkjesgjering av valmateriell. Etter denne føresegna skal alt valmateriell når valet er over, behandlast i samsvar med reglane i arkivlova og forskrift gjeven i tilknyting til denne lova. Det vil derfor vere arkivfaglege omsyn som avgjer korleis valmateriellet skal behandlast når valet er avslutta. Det er viktig å skilje mellom valmateriell som har vore i bruk, og valmateriell som er ubrukt. Ubrukt valmateriell Valmateriell som ikkje har vore i bruk, kan ein ikkje sjå på som arkivmateriell. Slikt materiell fell inn under reglar om arkivavgrensing gjeven i forskrift til arkivlova av 11. desember 1998 nr. 1193 (arkivforskrifta) § 3-19. Dette gjeld både ubrukte konvoluttar, ubrukte røystesetlar og ubrukte manntalseksemplar. Brukt valmateriell For valmateriell som har vore i bruk, har Riksarkivaren (i brev av 9. september 2003 på førespurnad frå departementet) med heimel i arkivlova § 9 fastsett at følgjande materiell kan kasserast: Konvoluttar Både røystesetelkonvoluttar og omslagskonvoluttar – anten desse er forkasta eller godkjende – kan kasserast på trygg måte når valresultatet er endeleg. Departementet går ut frå at det same må gjelde for omslag til røystegivingar som blir lagde i særskilt omslag. Røystesetlar Røystesetlar som er forkasta, kan kasserast på trygg måte når valresultatet er endeleg. Røystesetlar som er godkjende, skal derimot oppbevarast til valperioden er gått ut før dei kan kasserast på ein trygg måte. Det er ikkje nødvendig å oppbevare røystesetlar på papir i 4 år, dersom dei opptalde røystesetlane kan oppbevarast like trygt på eit elektronisk medium. Valkort Valkorta kan tilinkjesgjerast på ein trygg måte når valresultatet er endeleg. Avkryssa manntalslister Avkryssingsmanntalet skal oppbevarast til to valperiodar er gått ut før det blir kassert på ein trygg måte. |