Arkivleiaren (Systemansvarleg) har hovudansvar for tildeling og ajourhald av brukarrettar til registrerings- og arkiveringsfunksjonar Ajourhald av brukarrettar:
- Arkivleiaren har ansvar for at brukarrettane vert ajourhaldne kontinuerleg
Leiaren har ansvar for at arkivleiaren vert informert/varsla om
- tildeling av brukarrettar til nye personar i sak/arkivsystemet
- personar som ikkje lengre skal ha brukarrettar i sak/arkivsystemet
- endring av ein persons brukarrettar i sak/arkivsystemet
det kan skje slik:
- ved nytilsetjing
- ved endring i stilling som fører til endra rettar i sak/arkivsystemet
- når tilsette sluttar
Meldinga skal innehalda:
- den tilsette sitt fulle namn og stillingstittel
- nøyaktig dato for endring av brukarrettar/oppretting av ny brukar/stopp av brukarrettar
- spesifisering av kva tilgangar og rettar den tilsette skal ha, eller evt stopp av tilgangar
- spesifisering av den enkelte sine rollar, evt klarering for tilgangskodar
Meldinga skal sendast så snart som mogleg, og i god tid før feks nytilsett startar i stillinga si. Ajourhald av brukarrettar i sak/arkivsystemet er grunnleggjande for tryggleiken i systemet, td for å sikra at sensitiv informasjon ikkje kjem på avvegar. Tildeling av brukarrettar er difor leiaren sitt ansvar. |