Arkivtenesta i Granvin herad er organisert med felles postmottak/sentralarkiv for alle einingane i kommunen. Tenesta er plassert i tenestetorget i 1. etasje på heradshuset. Alle arkiv i Granvin er i dag kategoriserte som papirarkiv, sjølv om det vert brukt ei rekkje elektroniske hjelpemiddel i sakshandsaminga og til arkivering. Har eit offentleg organ både papirbaserte og elektroniske arkivdokument i same arkivserie, skal dei sjåast på som papirarkiv etter gjeldande regleverk. Arkivdelane i Granvin er:
- ELEV (Elevarkiv)
- FELL (Saksarkiv felles)
- PERS (Personalarkiv)
- PGN (Gbnr teknisk)
- PHR (Gbnr landbruk)
- VIG (vigselsaker)
- BAR (barnemapper)
Arkivskaparar i heradet er sentraladministrasjonen og alle dei ytre einingane. Det daglege papirarkivet for heile kommunen er stort sett samla hos tenestetorget på heradshuset, her finn du saksarkivet for heile heradet og personalmapper. Det aktive gbnr-arkivet for teknisk er plassert på teknisk sjef sitt kontor og elevmappene på rektor sitt kontor. Barnemappene er på styrarkontoret i Tueteigen barnehage. Arkivleiar skal kvalitetssikre arkivet etter reglar for arkiv.
Arkivskaparar i Granvin herad Fylgjande arkivskaparar skal byggja opp og halda vedlike arkivseriar i kommunen:
- Sentralarkiv/saksarkiv for heile kommunen
- Gbnr-arkiv for plan-, bygg,- dele-, oppmålings- og landbrukssaker
- Personalarkiv
- Møtebøker
- Helse og omsorg
- Helsestasjonen
- Legekontoret
- Skulen - elevarkiv
- Barnehagen - barnemapper
- Vigselarkiv
Alle arkivskaparane skal vedlikehalda arkiva i samsvar med reglar i arkivplanen |