Rådmannen har det overordna ansvaret for leiinga av heradet.
Rådmannen er heradet sin øvste administrative leiar, og har gjennom tett samarbeid med folkevalde og tilsette ansvaret for å vidareutvikla ein berekraftig og framtidsretta organisasjon, og eit godt service- og tenestetilbod til innbyggjarane.
Rådmannen har delegert ansvar til einingsleiarane. Rådmannen har lineansvar for til saman 4 einingar; teknisk etat, helse og omsorg, barnehage, skule. For nærare informasjon om organisasjonen sjå organisasjonskart eller dei enkelte tenesteområda. Den administrative organiseringa i Granvin herad finn du her. |