All sakshandsaming skal skje i ESA. Arkivtenesta er ansvarleg for inngåande post vert journalført og skanna.
Inngåande post som blir sendt/levert direkte til eininga skal sendast vidare til sentralarkivet for journalføring og skanning. Telefaks og elektronisk post (e-post) skal handsamast som vanleg post, (men sakshandsamar kan sjølv journalføre e-post direkte i ESA.)
Personleg adressert post, dvs. når personnamn står før namet til eininga, skal leverast uopna til rette vedkomande. Medarbeidarar som mottar personleg adressert post som syner seg å vere til administrasjonen, skal straks vidaresende dette for registrering i ESA. Dette gjeld også for telefaks og e-post. Det er ikkje høve til å starte sakshandsaming av dokument som ikkje er journalført. Opplysningar underlagd teieplikt skal ikkje sendast på e-post eller faks. |