Reglar for innsyn i arkiv

Reglar for innsyn i arkiv

Elles har me desse reglane for korleis du går fram dersom du ynskjer innsyn i arkivet vårt

Arkivtenesta er delegert fullmakt til å gi publikum innsyn i arkiv i samsvar med reglane i offentlegheitslova (offentleg innsyn) og forvaltningslova (partsinnsyn). Førespurnadar om innsyn skal behandlast på følgjande måte:

  • Den som ber om innsyn i arkiv, skal med hjelp av den offentlege journalen identifisere den saka vedkommande vil ha innsyn i. Vedkommande har rett til innsyn i alle dokumenta i saka.
  • Arkivtenesta skal vurdere om dokument det er bede om innsyn i, inneheld opplysningar som er unntatt frå innsyn etter offentlegheitslova. Dersom dette er tilfelle, må ein ta stilling til om ein kan gi innsyn i resten av dokumentet eller om heile dokumentet skal bli unntatt frå innsyn.
  • Dersom det blir gitt avslag på krav om innsyn, skal avslaget grunngjevast med lovheimel.
  • Ein skal normalt ikkje gi innsyn i originaldokument. Kopiering av dokumenta skal skje vederlagsfritt.
  • Førespurnad om innsyn bør vere skriftleg og gjere greie for kva sak ein vil ha innsyn i. Dersom ein person søkjer om innsyn på vegne av ein annan, skal det følgje med skriftleg fullmakt.
  • Førespurnad om innsyn skal registrerast i postjournal og arkiverast.
  • Personar som i samsvar med gjeldande føresegner får tilgang til opplysningar unnateke offentlegheit, skal skriva under på at dei er kjende med det ansvaret dette medfører.
  • Førespurnad om innsyn i personopplysningar skal ikkje forvaltast av arkivtenesta. Det er leiar for den aktuelle tenesteeininga (behandlingsansvarleg) som skal forvalte innsynet her. Innsynet skal forvaltast i tråd med personopplysningslova med forskrifter.
Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.