Organisering av INNSYN på heimesida til Eidfjord kommune

INNSYN PÅ HEIMESIDA TIL EIDFJORD KOMMUNE

Innsyn er postlister med fulltekst-dokument

Med INNSYN ynskjer Eidfjord kommune å gje eit betre tenestetilbod ved at innbyggjarane og andre kan fylgja med på si sakshandsaming over nettet. Vidare kan dei lesa politiske vedtak, søka etter saker, finna møteplanar og liknande. INNSYN gjenspeilar arkivet vårt og innbyggjarane kan fylgja med på korleis Eidfjord kommune forvaltar oppgåvene sine.

Arkivet vårt er oppdelt i fleire arkivdelar som saksarkiv, personalarkiv, bygningsarkiv, kart- og oppmålingsarkiv, reguleringsplanarkiv osv. Me legg

ikkje

ut arkivdelar som personalarkiv, klient- og elevarkiv. Heller ikkje fagsystem vert lagt ut som t.d. på lege, sosial eller pleie- og omsorg. Det betyr at alle klientarkiva våre er skjerma frå innsyn på heimesida. Me legg heller ikkje ut notata våre enno.

Me legg til grunn arkivlov, offentlegheitslova og forvaltningslova når me journalfører og legg ut post på innsyn. Arkivlova fortel oss kva me skal journalføre og off.lova og  forv.lova kva me skal gradere (unnta frå off.).

Me har ein 3-dagars frist på posten vår, dvs. at det tek 3 dagar frå den vert journalført til den vert lagt ut på INNSYN. Dette for at sakshandsamar skal få kvalitetssikra posten sin før den vert lagt ut og at mottakar av eit brev skal motta brevet sitt før det kjem på nettet.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.