|
Arkivtenesta i Austevoll kommune er organisert med eit felles postmottak og sentralarkiv for alle eininger i kommunen. Lokalisert på kommunehuset på Storebø. Alle arkiv utanom sakarkiv i Austevoll kommune, er i dag kategorisert som papirbaserte, sjølv om det vert brukt ei rekkje elektroniske hjelpemidlar i sakshandsaminga og til arkivering. Har eit offentleg organ både papirbaserte og elektroniske arkivdokument innan same arkivserie/arkivdel, skal dei sjåast på som papirarkiv etter gjeldende regelverk. Sakarkiv er fullelektronisk frå 15.12.2014. Med tida vert det meir elektronisk sakshandsaming, og fleire av arkiva i Austevoll kommune vert då fullelektroniske. Dei elektronisk produserte og lagra dokumenta, vert dei originale og gyldige versjonane. Arkivskaparar i Austevoll kommune: Følgjande arkivskaparar skal bygge opp og vedlikehalde arkivseriar i kommunen: Sentralarkiv/sakarkiv for heile kommunen
| Sakarkiv
|
| Eigedomsarkiv
|
| Elevarkiv
|
| Personalarkiv
|
| Møtebøker
|
| Klientarkiv -Pleie og omsorg
|
| Kopibøker
|
| Offentleg journal
|
Arkiv på avdeling
| Barnevernsarkiv
|
| Brukermapper PPT
|
| Klientarkiv Psykisk helse
|
| Helsestasjon / jordmor
|
| Legekontor Sosialtenesta - klientarkiv
|
Alle arkivskaparar skal vedlikehalda arkiva i samsvar med reglar i arkivplanen. |