Restansekontroll

Tenesteleiar har eit spesielt ansvar for å føra kontroll med sakshandsamarane sine restanselister. Restanselista vert produsert i WebSak, og viser oversikt over alle inngående dokument (I) og notat (N) som ikkje er avskrivne av sakshandsamar. Leiar skal føra restansekontroll månadleg for sine sakshandsamarar.

Sakshandsamar er ansvarleg for kontinuerleg å føra kontroll med eigne restansar. Dersom sakshandsamar finn ferdig handsama dokument som ikkje er avskrive, plikter han/ho umiddelbart å avskriva desse.

Dersom sakshandsamar sluttar i stillinga, skal han/ho i samråd med leiar sørgja for at ubesvarte /ubehandla dokument vert overført til ny sakshandsamar.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.