Familiens hus

Familiens Hus blei etablert i Øygarden kommune mai 2009, som det første i Hordaland. Familiens Hus består av ulike avdelingar og faggrupper, der kommunen sine primære helse- og sosialtilbod retta mot born, unge og deira familiar er samordna og samlokaliserte. Tenesteområda er helsestasjonsteneste, barnevernsteneste, familieterapiteneste, psykisk helseteneste, og psykologisk/pedagog­isk teneste. Målet er at innbyggjarane skal oppleve gode og koordinerte tenester frå dei ulike fagavdelingane, alt etter kva behovet er. Familiens Hus ynskjer å ha brukaren i fokus, og legg stor vekt på brukarmedverknad.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.