Krav om innsyn i ei personalsak skal handsamast etter reglar for partsinnsyn i forvaltningslova sine §§ 18-20, og etter innsynsbestemmelsane i personopplysningslova § 18. Tilsett har som hovuddregel rett til innsyn i sine eigne saker. Innsynsbegjæring skal handsamast av personalleiar saman med overordna til den som bedt om innsyn.
Innsyn i personalmapper skal dokumenterast skriftleg, og skal registrerast som eige arkivsak i sak - og arkivsystem (WebSak). Den som bed om innsyn, gjev beskjed om kva saker ein ønskjer innsyn i.
- Den tilsette sjølv kan krevja å få innsyn i eige personalmappe (interne dokument unnateke), men dei kan ikkje krevje mappa utlevert.
- Den tilsette sjølv har rett å få opplyst kva opplysningar som er lagra om dei i ulike personregister (jfr personopplysningslova § 18)
- Det same gjeld ein part som presenterer den tilsette og har fullmakt frå han/ho (Jf. personopplysningslova § 18 og forvaltningslova § 18)
- Pressa har ingen rett til utlevering eller innsyn i personalmapper.
- Alle dokument journalført i arkivdel PA, vert skjerma frå den offentlege journal.
Av personale er det berre dei som arbeider med verksemda sine personalsaker, og dei som har eit sakleg behov i sitt arbeid som skal ha innsyn i personalmappene. Arkivleiar/OSK? Omorganiseringar - ny leiar Personalarkiv inneheld ofte sensitive personopplysningar, som det ikkje er gitt at ny leiar har krav på å få. Det vert difor anbefalt at arkivsaker i personalarkiv ikkje utan vidare vert overført fullt og heilt til ny leiar. Full overføring kan berre skje etter samtykke frå kvar enkelt tilsett. Ny leiar må sjølv opprette arkivsaker på vanleg måte. Politikarar Politikarar har rett til å gjere seg kjent med dokument knytta til ei konkret sak som er til behandling dersom det er sakleg behov, men dei har ikkje rett til å få utlevert mappa. Pressa Pressa har ingen rett til utlevering eller innsyn i personalmapper. |