Systemansvarleg i WebSak har hovudansvar for tildeling og ajourhald av brukarrettar til registrerings- og arkiveringsfunksjonar. Ajourhald av brukarrettar:
- Systemansvarleg har ansvar for at brukarrettane vert ajourhaldne kontinuerleg.
Leiarane ved dei ulike avdelingane har ansvar for at
- systemansvarleg vert informert/varsla om tildeling av brukarrettar til nye personar i sak/arkivsystemet.
- personar som ikkje lengre skal ha brukarrettar i sak/arkivsystemet.
- endring av ein person sine brukarrettar i sak/arkivsystemet.
Det kan skje slik:
- ved ny tilsetjing.
- ved endring i stilling som fører til endra rettar i sak/arkivsystemet.
- når tilsette sluttar.
Meldinga skal innehalda:
- Den tilsette sitt fulle namn og stillingstittel.
- Nøyaktig dato for endring av brukarrettar/oppretting av ny brukar/stopp av brukarrettar.
- Spesifisering av kva tilgangar og rettar den tilsette skal ha, eller evt. stopp av tilgangar.
- Spesifisering av den enkelte sine rollar, evt. klarering for tilganskodar.
Melding skal sendast på eige skjema til IKT-avdlinga i Sveio kommune, som vidare gjev systemadministrator informasjon om tilgangane i WebSak. Ajourhald av brukarrettar i sak/arkivsystemet er grunnleggjande for tryggleiken i systemet, t.d for å sikra at sensitiv informasjon ikkje kjem på avvegar. Tildeling av brukarrettar er difor leiaren sitt ansvar. |