Arkivmateriale vert utsett for sopp når det vert oppbevart i fuktig miljø. Høg temperatur aukar tempoet i sopputviklinga. Dersom ein oppdagar arkivmateriale med sopp, så må ein straks flytte materialet til ein tørr stad. Flytt ikkje soppangrepe arkiv saman med materiale som er utan sopp. Soppangrep på papir kan ha fleire utsjånader og fargar. Det kan vera svart, brunt, rosa/lilla, ferskenfarga m.m. Sopp skal fjernast fysisk, med støvsugar. Det må brukast sentralstøvsugar eller støvsugar med hepa-filter, slik at soppspora ikkje berre går gjennom støvsugaren og ut i lufta igjen. Aller helst bør støvsuginga gå føre seg ute eller i rom med avtrekk. Sopp kan vere helsefarleg (jfr. soppskade i hus som kan føre til ml.a. luftveisplager og hovudsmertar) så det er viktig å ta forholdsreglar, særleg dersom det er mykje sopp. Dersom det er veldig lite sopp, kan det brukast ein tørr klut for å tørka det vekk. |