Brann- / vasskade i arkivet

Brann- og vass-skade kan av naturlege årsakar henga saman. Om det har vore brann i arkivmateriale så er det truleg og vass-skade i arkivet grunna sløkkinga. Det er vanskeleg å gardera seg heilt mot brann eller vass-skader. Det kan skje sjølv om me reknar med at arkivet er godt sikra. Me vil her koma med nokre gode råd som kan nyttast om uhellet er ute.

Brann

Til brannsløkking rår me til at det vert brukt CO2-apparat og ikkje pulverapparat. Dette grunna at pulver i pulverapparat dannar eit belegg som smeltar og som kan trekkja seg inn i dokumenta. Effekten av brannsløkkinga er begrensa ved bruk av pulverapparat, og forureininga av lokalet/materialet vert stor.

Om me ikkje klarer å sløkkja brannen innan 3 minutt, må me i staden prøva å avgrensa skadene så langt som råd er.

Kva gjer me med brannskadd arkiv

Rutine for korleis me handterar brannskadd arkiv finn du på nettsida til  Arkivverket - Brannskadde kildar

Vatn

Me bør skilja fuktig materiale og det som verkeleg er vått, slik at me unngår å påføra det lett fuktige materialet skader ved tørking saman med det våte materialet.

Nedfrysing

Nedfrysing bør skje så raskt som mogleg, helst ved temperaturer under  ÷50 grader, sidan iskrystallane vert mindre enn ved innfrysing ved høgare temperaturar og minskar skadene på dokumenta. Rask nedfrysing stabiliserer dessutan alle vassløyselege stoff i dokumenta. Vidare lagring av nedfryste materiale bør normalt skje ved ÷18 grader eller lågare.

Varme, ventilasjon og avfukting

Normalt slår me av varmen i rommet. For å hindra lommer med høg luftfuktigheit må ventilasjon og avfukting fungera kontinuerleg. Ekstra utstyr kan leigast hos byggjebransjen eller firma for skadebegrensing.

Steng av vatnet

Ved vasskade ta kontakt med vaktmeistr for å få stengt av vatnet, men ideelt sett burde alle vera kjende med  kvar hovudvasskranen er, og kunna stengja denne. Elektrisk utstyr må koplast frå. Dekk til naudsynt område for å avgrensa skadene og start flyttinga av risikoutsett materiale.

Redning av materiale med vasskade

Lufttørking eller frysetørking er dei aktuelle tørkemetodane. Lufttørking skal ikkje nyttast for dokument med vassfargar eller blekk. Her risikerar ein at fargar og blekk flyt ut over arka. Frysetørking er best for store mengder dokument. Truleg vil mykje vått materiale kunna reddast etter nedfrysing.

Ved vasskade skal arkivmaterialet frysast ned så raskt som råd er. Det bør pakkast i plastposar, helst i tynne posar av den typen som ligg i bossbøtta på kontora. Det er viktig at bunkane ikkje vert for tjukke, 10-15 cm er bra, altså omtrent som vanlege arkivboksar. Dette for å gjere prosessen med frysetørking så enkel som råd er. Dersom materialet er pakka i veldig ulike bunkar vert det vanskelegare å frysetørka.

Arkivmateriale som kun har vore fuktig, vil etter frysetørking ofte kunne settast attende i arkivet. Me må rekna med utgifter til ny innbinding av møtebøker, journalar, kopibøker m.m. og konserveringstiltak for materiale som har vorte vått.

Om me har plass og molegheit til å regulera klimaet i egna rom utanfor skadestaden, kan lufttørking nyttast. Dette gjeld for materiale som er lett fuktig. For å hindra soppvekst må temperaturen haldast under 18 grader. Vifter og anna utstyr må halda lufta i bevegelse, og materialet må spreiast utover på reine flater.

Kven utfører frysetørking

Frysetørking kan utføras av Rudskogen fryseterminal i Rakkestad. Tlf. nr. 69 22 99 00.

Korleis gjer ein det

Materiale som er frose ned rett etter vasskade eignar seg som regel godt til frysetørking.

Innan 48 timar bør fuktig materiale vera tørka eller frose ned. Me skal ikkje opna eller lukka skada materiale eller prøva å skilja dokument som klebar seg saman.

Innbundne journalar, møtebøker og kopibøker

Innbundne journaler, møtebøker og kopibøker som er fuktige eller delvis våte kan lufttørkastSett dei på vass-sugande papir og opn varsamt, men me skal ikkje opna dei enkelte sidene.

Dokument, kart og grafiske dokument

Det er viktig at me ikkje handsamar fuktig/våte dokument, kart eller grafiske dokument på ein måte som gjer at vass-løyselege stoff vert trekte utover overflata.Men skal ikkje bruka trekkpapir på vassfargar eller andre media som er lett oppløyseleg med vatn. Dokument med vassfargar og liknande må tørkast eller frysast med ein gong.

Kopiar, negativ og dias

Kopiar, negativ og dias må frysast eller tørkast innan 72 timar. Bruk hanskar.

Vått materiale skal pakkast i plast. Lufttørking er å føretrekkja, eventuelt kan  materialet tinast før lufttørking. Me kan prøva frysetørking, men me skal ikkje vakumtørka fotografisk materiale.

Magnetiske data

Magnetiske media som er våte eller har kondens på innsida av kassettane, kan haldast våte i fleire dagar. Pakk dei inn i plastposar og hald dei i vatn om det er fare for soppdanning. Dei skal ikkje frysast.

Diskettar/Harddiskar

Diskettar skal stå i plastposar i boksar med vatn.

Informasjonen på en harddisk kan ofte verta redda av spesialistar på datarekonstruksjon etter brann eller andre skadar.

Det viste elementet har ingen underelementer.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2013 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.