Definisjon: Med kassasjon er meint at arkivmateriale som har vore gjenstand for saksbehandling eller hatt verdi som dokumentasjon, blir teke ut av arkivet og sletta eller destruert. (FAL § 3-18) Arkivlova krev at det skal vere utarbeidd kassasjonsreglar for materiale som ikkje kjem inn under arkivavgrensinga eller bevaringspåbodet. Konsesjonspliktige personregister skal ikkje kasserast. Kommunane i Sogn og Fjordane skal bevare alle konsesjonspliktige personregister. Desse pliktar kommunane å avlevere Fylkesarkivet i tråd med rammekonsesjon av 24.11.1992. Uheimla kassasjon er forbode med mindre Riksarkivaren har gjeve samtykke. Kassasjon i strid med arkivlova sine føresegner kan straffast etter arkivlova §22. Arkivmateriale som skal kasserast, skal øydeleggjast under trygt tilsyn og ved å nytte forbrenningsomn eller makuleringsmaskin. Vik kommune nyttar makuleringsmaskin. Dokument som tilhøyrer dei fullelektroniske arkivdelane blir lagra kronologisk i arkivboksar. Me skil mellom offentlege og ikkje offentlege dokument. Vik kommune tek vare på desse dokumenta ca 1 år før dei blir makulert.
|