Saksarkivet før 2015 i Vik kommune blir oppbevart på det lokale arkivdepotet - Vik lokalhistoriske arkiv (VLA). Arkivet ligg organisatorisk under avdeling IKT og tenestetorg, og det er Rådmann som har det overordna ansvaret, medan arkivleiar i kommunen har det daglege ansvaret for arkivdepotet. Vik lokalhistoriske arkiv har eigen arkivleiar, og er plassert i kjellarlokala på Vik bygde - og sjukeheim. Tilsette på Vik lokalhistoriske arkiv har ordna og listeført alt arkivmateriale som er avlevert frå kommunehuset. Avleveringslister er samla i perm på VLA og på kommunehuset. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har oppretta ein katalog med oversikt over eldre arkivmateriale. Denne er plassert på VLA. I samarbeid med Fylkesarkivet er det også utarbeida rutinar for innsyn i arkivmateriale frå depotet. Denne er plassert på VLA. Byggjesaksarkivet bir oppbevart på arkivlokalet i kommunehuset. Personalmapper blir oppbevart i arkivskap på kommunehuset, og avleverte Fylkesarkivet 10 år etter at dei har gått ut av dagleg bruk. Elevmapper / mapper på barn blir oppbevart på skulane / i barnehagane, og avlevert Fylkesarkivet 10 år etter at dei har gått ut av dagleg bruk. Klientmapper på barnevern og på NAV, blir avlevert Fylkesarkivet 10 år etter at dei har gått ut av dagleg bruk. Landbruksarkivet vart fullelektronisk i 2007, men etter ynskje frå sakshansamarar vert ein god del av dokumenta oppbevarte på avdelinga Plan og forvaltning. Det elektroniske saksarkivetarkivet skal avleverast Fylkesarkivet, etter at me gjekk fullelektronisk på saksarkivet i 2009, har det ikkje vorte teke elektroniske uttrekk til depot. |