Kommunalområde for oppvekst er organisert med ein fagstab og fleire tensteiningar. Kvar skule og barnehage er ein eigen tenesteining, i tillegg er det dei tri tenesteiningarene barnevern, helsestasjon og PPT. Fagstaben + tenestleiar for barnevern, helsestasjon og PPT nyttar kommunen sitt felles sak/arkivsystem til saksbehandling av det administrative. Skular og barnehagar fører manuelle journalar og arkiv, dei er ikkje knytta opp mot sentralarkivet. Barnevern nyttar fagsystemet Familia til saksbehandling av klienter PPT nyttar fagsystemet PPI til saksbehandling av klienter Helsestasjon nytter fagsystemet HsPro til saksbehandling av klienter Dokumentsenteret journalfører all innkomande post for kommunalområde oppvekst utanom skular, barnehagar og klientsystem for helsestasjon. Ingen av fagsystema er godkjente system for fullelektronisk arkiv og det vert derfor halde manuelle mapper på kvar klient. Nedanfor finn du link til rutinar, arkivseriar, lovar og reglar m.m. som er spesielt for kommunalområde oppvekst: Postrutinar i websak Postføring i familia Postrutinar skular Postføring i PPI Postrutinar barnehagar Instrukt for klientarkiv i PP tenesten Postjournal barnevernsaker Kopibok delegerte saker barneverntenesta Elevarkiv - fagstab Klientarkiv barnevern PPT - register Fødselsmeldingar Arkivseriar i skule og barnehage |