Sentralisert arkivorganisasjon
Ein sentralisert arkivorganisasjon inneber i tillegg til felles leiing og einsarta rutiner, eit felles betent daglegarkiv. Bortsetting- og fjernarkiva kan godt vera spredte. Den mest sentraliserte modellen har vi når arkivtenesta med arkivpersonalet og dei fysiske arkiva er samla i eit lokale. Ein slik organisasjonsform blir kalla for eit fellesarkiv eller eit sentralarkiv. Time kommune har sidan 1.1.2003 hatt den mest sentraliserte modellen. I tillegg til å ha eit felles betent daglegarkiv, er bortsetting- og fjernarkivet felles. Dei ytre etatane, skular og barnehagar, har eigne arkiv og er sjølvstendige journalførande einingar. Fjernarkivet er felles med administrasjonen. |