Glemt Passord?

Overordna arkivansvar og deligering av fullmakter

I forskrift om offentlege arkiv er dette ansvaret presisert slik i § 1-1, andre og tredje ledd:

"Det overordna ansvaret for arkivarbeidet i eit offentleg organ tilligg den øvste leiinga i organet. I kommunar og fylkeskommunar er arkivansvaret ein del av det overordna administrative ansvaret som er tillagt administrasjonssjefen, jf. kommunelova § 23.

Eit offentleg organ har ansvaret for at underliggjande organ får nødvendige rettleiingar, råd og instruksar for arkivarbeidet i samsvar med føresegner gitt i eller i medhald av arkivlova. Organet har det overordna arkivansvaret for offentlege utval som organet har nedsett."

Arkivansvaret til offentlege organ er bestemt i § 6 i arkivlova: 
Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vera ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid.

Dette er presisert i Forskrift om offentleg arkiv, § 1-1, arkivansvaret i offentlege organ:
Det overordna ansvaret for arkivarbeidet i eit offentleg organ tilligg den øvste leiinga i organet. I kommunar og fylkeskommunar er arkivansvaret ein del av det overordna administrative ansvaret som er tillagt administrasjonssjefen, jf. kommunelova § 23.

Oppgåver knytt til arkivet kan delegerast, men ansvaret som sådan kan ikkje delegerast. Overordna ansvar omfatter dei oppgåver som er nødvendige for å oppfylle krava.

Sentrale oppgåver vil alltid vere:

  • Etablere ei felles arkivteneste
  • Sørge for tilstrekkeleg bemanning
  • Stille tilfredsstillande lokaler og nødvendig utstyr til disposisjon
  • Midlar til å kjøpe dei varar og tenester som trengs i arkivet
  • Leggje til rette for at arkivpersonalet held ein tilfredsstillande fagleg kompetanse m.a. gjennom deltakinge på kurs og opplæring
  • Sørge for tilfredsstillande rapportering frå arkivtjenesta til leiinga slik at denne kan oppfylle sitt overordnede ansvar etter forutsetningane