Glemt Passord?

Saksframlegg politiske saker

Saksutgreing
Ei saksutgreiing skal vere opplysande, forklara fakta og vere forankra i vedtekne overordna mål og delmål. Desse måla kan ikkje vere i strid med kvarandre. Saksutgreiinga skal syne til økonomiske og faglege konsekvensar, til lovheimel m.m. Ei saksutgreiing bør så langt som mogeleg syne til alternative løysingar, før ein dreg den endelege konklusjonen og tilråding.

Overskrift

Kort samandrag
Eit kort samandrag om saka sitt innhald og konklusjon (skal skrivast til slutt).

Tilråding til vedtak
Eit enkeltvedtak skal alltid grunngjevast jf. forvaltningslova § 24, særskilt viktig ved avslag.
I saker av økonomisk karakter, skal kostnadsdekking inngå som ein del av tilrådinga.
I dei tilfelle tilrådinga endrar på tidlegare vedtak, skal det takast med eit punkt om oppheving av tidlegare vedtak, eller delar av dette vedtaket.

Vedlegg
Legg ved berre heilt naudsynte vedlegg av god kvalitet.

Relevante dokument i saka
Dokument som ikkje vert lagt ved som vedlegg, men som føl saka.

Aktuelle lover, forskifter, avtalar m.m.
Dette kav vera lovheimel, vedtekne mål, tidlegare relevante vedtak og budsjett / økonomiplan.

Saksopplysningar
Her skal ein skrive inn fakta / opplysningar.

Økonomiske konsekvensar
Skal vurderast opp mot budsjett og økonomiplan. 

Vurdering
Faglege vurderingar skal alltid gå fram av saksutgreiinga. Der det kan vere naturleg å vurdere fleire løysingar, skal det gjerast greie for konsekvensane ved val av alternativ.Det kan vera juridisk, organisasjonsmessige, personalmessige, samfunnsmessige, etiske eller faglege konsekvensar for tidlegare vedtak.