Aurland Hamnevesen KF er eit kommunalt føretak som vart oppretta i 1999.
Hamnevesenet er lokalisert i eige administrasjonsbygg på cruisekaia i Flåm.
Hamnevesenet nyttar kommunen sitt sak-/arkivsystem til sakshandsaming.
Korrespondansen mellom kommunen og hamnevesenet føregår med inn og utgåande e-postar og brev, gjeldande frå 17.11.2014.
Det er ingen formelle krav til korleis ein løyser dette, så lenge ein sikrar dokumentasjon for ettertida. Hamnevesenet er altså ikkje utskilt som eigen journalførande eining, men ein del av kommunen sitt sak-/arkivsystem. |
|