Kommunane Aurland og Lærdal har inngått avtale om administrativt vertskommune-samarbeid om felles barneverntjeneste.
Aurland er vertskommune og avtalen gjeld samarbeid mellom kommunane om utføring av oppgåver knytt til Lov om barneverntjenester.
Samarbeidet starta 1.9.2009.
Rådmannen i Aurland har det øvste administrative ansvaret for Aurland og Lærdal barnevern.
Alle klientretta arbeid vert journalført i Familia, det er ein felles base med seperate distrikt for kommunane.
Arkiva er plassert i Aurland.
Det er eit skåp til kvar av kommunane, og eit eige skåp til saker som ikkje lengre er aktive. Dette er også delt, eit på kvar kommune. Postjournal vert skreven ut kvartalsvis og lagt fremst i arkivskåpet. All politisk eller administrative saker skal journalførast i Acos i den kommunen det høyrer heime |