Ved aktivering av Sorg og kristeamet vert eit kort samandrag og tidsbruk av hendinga skrive til leiar.
Leiar registrerar dette inn i kommunen sitt sak-/arkivsystem, arkivdel SA-sakarkivet. Det vert oppretta ei arkivsak per år med k-kode F02 rettleiing/rådgjeving og &14 rapport. Samandraget skal ikkje innehalda sensitive opplysningar.
Ved aktivering av Sorg og kriseteam skal det skrivast ein rapport, som kan innehalda sensitive opplysningar.
Den vert produsert og lagra på sikker sone og i arkivsak i kommunen sitt sak-/arkivsystemet, arkivdel SA-sakarkiv.
Det er alltid leiar som registrerar denne rapporten inn, men det kan vera andre i kriseteamet som har hatt ansvaret for å levera den til leiar. Desse dokumenta skal graderast. |