Glemt Passord?

Offentleg journal

Arkivtenesta skal dagleg leggje ut offentleg journal. Denne skal vere utforma slik at den gir oversyn over alle inn- og utgåande brev, samstundes som opplysningar unntatt offentlegheit er fjerna.

Administrasjonssjefen eller den som har fått fullmakt til det, avgjer kva saksdokument som skal bli unntatt frå offentleg innsyn. Unntaka blir registrerte i sak-/arkivsystemet med lovheimel.

Dersom den offentlege journalen blir lagt ut i elektronisk versjon, skal arkivtenesta føre særskilt kontroll med at ingen opplysningar underlagt teieplikt blir gjort tilgjengelege.