Leiar sitt ansvar for gradering av dokument: Leiar har hovudansvar for å følgje opp dokument som er gradert "Ikkje offentleg" av arkivtenesta/saksbehandlar, dette for å sikre at dokumenta er riktig gradert og at det er brukt rett heimel
Framgangsmåte og ansvar for gradering av dokument og saker:
Arkivtenesta journalfører og offentlegvurderer alle dokument og føretar evt. gradering.
Dersom arkivtenesta er i tvil om gradering/paragraf, skal XX førast på, og sende e-post til leiar/saksbehandlar. Leiar/saksbehandlar må ta stilling til gradering/paragraf og gje tilbakemelding til arkivet. Fristen for vurdering av gradering er inntil 2 arbeidsdagar. Arkivtenesta føgjer opp og graderer dokumentet etter tilbakemelding Ved oppheving/avgradering vel "tøm felter" så OK.
Restanseoppfølging for si eining: Einingsleiaren har medansvar saman med arkivet for å følgje opp restanselister for eiga eining + evt. andre einingar han måtte ha eit leiaransvar for. Dette gjeld for kvar einskild saksbehandlar i eininga. Sjå prosedyre for saksbehandling for Etne kommune pkt 7.7.
Elektronisk godkjenning av dokument: Når det gjeld ferdigstilling og utsending av dokument, politiske saker og delegerte saker som skal godkjennast av leiar skal ein nytte seg av flaggmelding. Sjå prosedyre for saksbehandling i Etne kommune pkt. 7.2.7
Elektronisk godkjenning/ikkje godkjenning og vidaresending til neste leiar for godkjenning: Når leiar treng godkjenning av eit høgre leiarnivå eller dersom leiar gjer endring i eller ikkje godkjenner eit dokumentet skal han i begge tilfelle nytte flaggmelding.
Sjå pkt 7 og pkt 8 i prosedyre for saksbehandling i Etne kommune |