Sakshandsamar skal kontakte arkivet for å få låne ei saksmappe, arkivet registrerer utlån av mappa i websak, på ei samlemappe pr år, eller med å fylle ut eit lånekort.
Dersom utlånte saksmapper blir vidarelånt til andre må arkivet få melding om dette for oppdatering.
Utlånte saksmapper skal returnerast til arkivet så snart råd er. Saksmapper frå arkivet i Etne kommune skal aldri lånast med ut av Etne Tinghus, eller ut frå den arkivskaparen som eig mappa.
Publikunm skal ikkje ha tilgang til arkivet. Dei skal tilvisast ein plass der dei kan få sjå gjennom ei saksmappe, under tilsyn av arkivpersonalet, og evt. få hjelp til å ta ein kopi av det som er aktuelt. Det skal ikkje takast betaling for kopiar. |
|