Glemt Passord?

Innsyn i dokument

På nettsida til kommunen ligg innsynsportalen, der vil ein finna postliste og møtekalender for politiske møte.

Postliste

Postlista er ei oversikt over dokument som er mottekne til, eller sende frå kommunen. Av hensyn til kvalitetssikring vil det normalt gå tre verkedagar frå dokument er motteke eller sendt, til det er publisert på postlista. Offentlege dokument kan opnast frå postlista. 

Dokument som er unnateke offentlegheit har henvising til gjeldande paragraf i offentleglova. Desse kan tingast innsyn i via innsynsløysinga på postlista.

Politikk

Møtekalenderen på nettsida gir deg oversikt over alle politiske utval, og oppsette møter. I kalenderen finn du møtedokument for politiske møte frå 2008 og til dags dato.

Her er også oversikt over alle utval med medlemar og varamedlemar.