Barneverntenesta arbeider etter Lov om Barnverntenester og har som formål
- å sikra at born og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid
- å bidra til at born og unge får tryggje oppvekstvilkår
- å ha fokus på kva som vil vere det beste for barna
Målgruppe Tiltaka kan treffast overfor barn under 18 år. Når barnet samtykkjer, kan tiltak som er sette i verk før barnet fyller 18 år, halde fram eller bli erstatta av andre tiltak fram til barnet har fylt 23 år. Barnevernet kan bidra med:
- råd og rettleiing
- leksehjelp
- barnehageplass
- støttekontakt
- besøks-/avlastningsheim
- tilbod om fritidsaktivitetar
- ulike økonomiske hjelpetiltak
- tilby førebyggande tiltak, som t.d. informasjon i skulesamaheng
Barnevernet i Øygarden er ein del av Familiens Hus som er eit tverrfagleg kommunalt tilbod kor ulike faggrupper er representert. Barnevern hadde et stort datakræsj i 2009 frå juli til 4. september og mange elektroniske dokument gjekk tapt. KS har fått utarbeidet ein rettleiar og rapport som gir et tydeligere bilde av korleis dokumentasjon i barnevernet skal handteres. Sjå rettleiar her; http://www.ks.no/contentassets/24143e4da9a54bd799e62d35efe6e8b5/veileder-for-handtering-av-dokumentasjon-i-barneverntjenesten-til-inter....pdf |