I 2018 har Norge fått ny personopplysningslov. Lova består av nasjonale reglar og EU's personvernforordring,- GDPR - General Data Protection Regulation. Lova handlar om behandling - innsamling og bruk av personopplysningar. Les meir på Datatilsynet sine heimesider. Arkivere eller slette ? Når det gjeld arkiv, gjeld forordninga i det vesentlige ei vidareføring av gjeldande rett etter dagens personopplysningslov. Behandling for arkivformål er ikkje uforenlig med dei opprinnelege formåla med innsamling av opplysningar. Av det som er nytt, er det viktig å merke seg at arkivformål i allmennhetens interesse no er gitt som eit eige formål. Behandling av personopplysningar for arkivformål vil også forutsette at ein vurderer kva organisatoriske og tekniske tiltak som vil være nødvendige for å verne den registrerte sine grunnleggjande rettar og interesser. Les meir på Arkivverket sine heimesider. |