Meland kommune er eitt organ jfr. Forskrift om offentlege arkiv § 1-1. Meland kommune har eit felles elektronisk saksarkiv for alle administrative einingar som er knytt til Web-sak: Rådmannskontoret, Økonomikontoret, Pleie og omsorg, Helse og sosial, Kultur og oppvekst og Natur, næring og tekniske tenester. Alle disse kommunalavdelingane er eiga journaleining og har eige papirarkiv. Fram til 01.01.2009 førte einingane som ikkje var knytta til Web-sak eigen manuell journal. Dette gjaldt skulane og barnehagane. Frå denne dato er desse einingane knytta til Web-sak. Dei har framleis sitt eige papirarkiv. Kommunalavdeling for helse og sosialtenester behandlar personopplysningar i eigne fagsystem. Til desse fagsystema høyrer eigne papirbaserte personarkiv.
|